Svalbard: Ferdig vaksinert
I går fekk biblioteksjef Lars Holt og resten av siste pulje si andre koronavaksine i Longyearbyen. No er over 90 prosent av alle vaksne fullvaksinert.
Svalbardhallen er omgjort til massevaksineringslokale for 9. gong. Biblioteksjef Lars Holt registrerer seg ved sekretariatet og går inn på bana som er delt i tre. Venterom, vaksineringsbåsar og stolar til observasjon ein halvtime etter at vaksinen er satt.
Etter å ha venta eit par minutt, blir han vinka inn i vaksinebåsen til Torunn Sørensen. Ho ber han brette opp ermet på gensaren, vaskar stikkstaden og ber han slappe av i muskelen. Så sprøytar ho inn dose to av Moderna-vaksinen.
– Det var veldig godt å vera ferdig, seier Holt etter å ha satt seg i observasjonsområdet der Røde Kors-medlemmer passar på.
– Me er veldig heldige her i Longyearbyen. På fastlandet ville eg ha heilt vore sist i køen, seier han.
Prioriterte Svalbard
Sentrale styresmakter valde å prioritere vaksiner til Svalbard ettersom eit smitteutbrott på øygruppa ville bli særs krevjande. Longyearbyen har berre eit lite akuttsjukehus. I tillegg kunne det blitt kritisk for mange samfunnsfunksjonar som straum, vatn, brann og politi dersom mange måtte i karantene samstundes.
Holt ein av 469 svalbardianarar som har meldt seg opp til vaksinering denne siste massevaksineringsdagen i Longyearbyen.
Når kvelden er omme, vil 1693 av byens kring 2400 innbyggjarar vera fullvaksinerte, om alle som hadde meldt seg på møtte opp. Det utgjer over 90 prosent av den vaksne befolkninga.
Farmasøyt og dyrlege
Vaksinekoordinator Marthe Ødegård ved Longyearbyen sykehus er fornøyd både med dekninga og med jobben som er gjort.
– Det har gått veldig bra. Første vaksine vart sett 4. januar, så me har jo halde på ei stund, seier ho.
I mars byrja sjukehuset med massevaksinering, og har hatt i alt ni dagar med vaksinering av fleire hundre personar Svalbardhallen. For å få til det, har dei tromma saman lokale ressursar i tillegg til sine eigne. Tidlegare sjukepleiarar, farmasøyt, ein redningsmann, tannlegen og ein dyrlege er mellom dei som set sprøyter i lokalbefolkninga.
Alle har fagkunnskap om sprøytesetting, og har fått oppdatert rettleiing i å sette dei ulike covid-vaksinane, forsikrar Ødegård.
Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps har òg lagt ned ein stor innsats. Dei har stilt med kring 14 medlemmer under kvar av vaksineringane.
– Me har blitt eit velsmurt maskineri. Alle veit kva dei skal gjere, seier Ødegård.
Barentsburg og Hornsund
I tillegg til å vaksinere den vaksne befolkninga i Longyearbyen, har helsepersonellet vaksinert befolkninga i den russiske busettinga Barentsburg, den polske forskingsstasjonen i Hornsund og forskingssamfunnet Ny-Ålesund. Bjørnøya og Hopen har nettopp fått nye tilsette. Også dei vil truleg få stikk nummer to hjå helsepersonell frå Longyearbyen sjukehus.
Les også:
– Me er kjempefornøyd med vaksineringa i Barentsburg òg. Innbyggjartallet er litt vanskelig å anslå grunna koronapandemien, men me har vaksinert 169 personar der. Av dei er 136 er fullvaksinert der. Det er kjempebra, seier Ødegård.
Framleis testkrav
Sjølv om store delar av Longyearbyen no er fullvaksinerte, har ikkje helsestyresmaktene fira på regelverket for reiser til og frå øygruppa, noko reiselivsnæringa fortvilar over, ifølgje Svalbardposten.
Alle vaksne må framleis ta koronatest innan 24 timar før flyging til Longyearbyen, også lokale som er fullvaksinerte. 11. juni vil regjeringa innføre korona-pass, men det er framleis usikkert kva dette vil få å seie for Svalbard.
Svalbard har klart seg gjennom pandemien utan registrerte smittetilfelle.