Svalbard: Hæhre skal rydde siste del av Svea

Svea sentrum, Svalbard.

Slik såg det ut då High North News laga reportasje frå Svea midt i mars. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Hæhre Entreprenør skal avslutte oppryddinga i Svea. No skal terreng, flyplass, godskai og til slutt leiren på Kapp Amsterdam bort.

Det tidlegare gruvesamfunnet i Svea skal førast tilbake til naturen. Alle menneskelege spor skal fjernast bortsett frå nokre få kulturminner. No nærmar oppryddinga seg slutten.

Denne veka offentleggjorde Store Norske at det er Hæhre Entreprenør AS som skal fjerne dei siste restane av kolindustrien ved Van Mijenfjorden, Svea fase 2B-2.

Under budsjett

Dei skal i hovudsak flytte massar og arrondere terreng. Kontrakten inkluderer òg fjerning av flyplass og godskai. Store Norske reknar med å signere kontrakten i byrjinga av november. Anleggsstart blir truleg april 2022, og arbeidet er ferdig sommaren 2023.

I ei pressemelding seier administrerande direktør Jan Morten Ertsaas i Store Norske at dei ligg an til å bli ferdige med prosjektet to år før tida, med ein totalkostnad på under 1,7 milliardar kroner. Opphaveleg var det satt av 2,5 milliardar kroner til oppryddinga.

Me er både stolte og glade over å ta blitt valde ut blant mange sterke konkurrentar.

Gudmund Roen, daglig leiar i Hæhre Entreprenør AS

Fornya tillit

Hæhre Entreprenør hadde kontrakten på dei to første fasane av oppryddinga. Dei gjekk føre seg i Lunckefjell og over Marthabreen, i tillegg til opprydding av vegar og infrastruktur knytt til Svea Nord-gruva.

Gudmund Løvli var med på å kartleggje Svea Nord-gruva på 1990-talet. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Gudmund Løvli var med på å kartleggje Svea Nord-gruva på 1990-talet. Då gruva stengde endeleg i mars i fjor, var det han med å halde kjettingen. No leier han arbeidet med  å fjerne alle spor.

(Gudmund Løvli was involved in mapping the Svea Nord mine in the 1990s. When the mine finally closed in March last year, he was the one holding the chain. Now he hires the work of removing all traces).

Gudmund Løvli var med på å kartleggje Svea Nord-gruva på 1990-talet.

– Dei har vist at dei taklar dei krevjande klimatilhøva og logistikkutfordringane i Svea, og dei har levert godt på HMS, kvalitet, framdrift og ikkje minst samarbeid, seier prosjektleiar Gudmund Løvli i Store Norske.

– Krona på verket

Dette er eit viktig prosjekt for Hæhre Entreprenør.

–  Me er både stolte og glade over å ta blitt valde ut blant mange sterke konkurrentar til å gjennomføre nok ei entreprise i Miljøprosjektet Svea og Lunckefjell seier Gudmund Roen, daglig leiar i Hæhre Entreprenør AS.

Dei er nøygde med å få fornya tillit frå Store Norske, og gler seg til å halde fram det gode samarbeidet.

– Det er en ære å få oppgåva med å sette krona på verket i dette ambisiøse miljøprosjektet, seier daglig leiar og prosjektleiar i Hæhre Arctic Audhild Storbråten.

Les også:

Nøkkelord