Statsbudsjettet 2021 – Longyearbyen lokalstyre får auka handlingsrom

Longyearbyen, Svalbard

Members of the European Parliament are greatly concerned by far-reaching Chinese projects in the Arctic. Picture from Svalbard, where China has shown increased interest. (Photo: Line Nagell Ylvisåker)

Sjølv om han hadde håpa på klare satsingar på fornybar energi, næringsliv og forsking, er lokalstyreleiar Arild Olsen (Ap) nøgd med forslaget til statsbudsjett.

– Om ein tek utgangspunkt i situasjonen Noreg står i med corona, at me har fleire hundre tusen arbeidsledige og me ser droppet i statsbudsjettet, vil eg seie at budsjettet er godt for Longyearbyen, seier han.

Longyearbyen lokalstyre har også mogelegheit for å få auka handlingsrom neste år, fordi Svalbard no er innlemma i Klimasats-ordninga. Norske kommunar og fylkeskommunar har sidan 2016 kunna søkje midlar for å gjennomføre klimatiltak, men Svalbard har ikkje vore inkludert før no. Klimasats er foreslått ei ramme på 100 millionar kroner i eit år.

– Store utfordringar

Olsen meiner budsjettforslaget viser at det er gjort ein god jobb lokalt med å vise dei store utfordringane Longyearbyen står i.

Budsjettet er godt for Longyearbyen

Arild Olsen (Ap), lokalstyreleder på Svalbard
Leder av Longyearbyen lokalstyre, Arild Olsen. Foto: Line Nagell Ylvisåker.

Leder av Longyearbyen lokalstyre, Arild Olsen. (Foto: Line Nagell Ylvisåker, High North News).

Arild Olsen (Ap), leder av Longyearbyen lokalstyre. Foto: Line Nagell Ylvisåker

–  Store delar av næringslivet ligg nede på grunn av corona, ettersom mange jobbar i reiselivet. Gruvenæringa vaklar og me har begge føtene i ein energiberar som er veldig dyr i drift. I tillegg kjem den mest dramatiske delen, at me lever i ein by som er på vandring grunna klimaendringane. Det gjeld både sikring av bustadområdet Lia og å tilpasse alt av infrastruktur. Ingen andre kommunar er i nærleiken av å kunne samanlikne seg med oss, seier Olsen.

I forslaget til statsbudsjett ligg det inne 61,1 millionar kroner til å vidareføre skredsikringsarbeidet bustadområdet ved foten av fjellet Sukkertoppen, like utanfor sentrum av Longyearbyen.

Pengar til kolgruvedrift

Store Norske får løyve på 40 millionar kroner i 2021 for å dekkje forventa underskott i Gruve 7. Kolgruva er den siste norske kolgruva, og forsyner Noregs einaste kolkraftverk med kol. Med dagens kolprisar, og eit rimeleg overslag på framtidige prisar, er gruva venta å gå med mellom 35 og 40 millionar kroner i undersott i åra som kjem.

– Det er bra at regjeringa gjer slike prioriteringar. Det er viktig å få ein stabil leveranse av kol til kraftverket, i tillegg til at gruva bidreg til industriarbeidsplassar, seier Olsen.

I juli i år vart store delar av gruva fløymd over av smeltevatn frå isbreen Foxfonna, som ligg på fjellet over gruva. Dei uvanleg store mengdene smeltevatn gav straumutfall, og pumpene som var sette opp for å ta unna smeltevant stogga. Det førte til ein lengre produksjonsstans, men Store Norske har håp om å få produksjonen i gang att i løpet av oktober.

Les mer

Kolkraftverket i Longyearbyen er forventa å kunne levere straum fram til 2038. CO2-utsleppa frå energiverket er med på å gjere Longyearbyen til eit av landa med høgast CO2-utslepp per innbyggjar. Derfor har både lokale og sentrale politikarar sagt at dei ynskjer eit nytt, fornybart energiverk så snart som råd.

Ikkje friske midlar

Det kjem ikkje friske midlar til ny energi i Longyearbyen, men regjeringa skriv i budsjettforslaget at Olje- og energidepartementet no gjer grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknadar for eit mindre utval alternative energiløysingar og kombinasjonar av løysingar. Regjeringa legg til grunn at den framtidige energiforsyninga må vera sikker, berekraftig og kostnadseffektiv.

– Det er klart at me kunne ønskt oss meir pengar til satsingsområder som energi, men ein må kanskje sjå budsjettet i ein større samanheng, seier Olsen.

Han viser også til at Longyearbyen lokalstyre tidlegare i år fekk 20,4 millionar kroner over revidert statsbudsjett for auka kostnader knytt til handtering av covid-19, samt tapte inntekter som følgje av viruset. I september kom nyhenda om at regjeringa vil løyve 25 millionar kroner for å hjelpe reiselivet på Svalbard som er hardt råka av pandemien.

Les mer

Nøgd etter forholda

Leder Terje Aunevik i Svalbard næringsforening håper kanselleringen av Finnairs rute til Svalbard handler om en avtale som er gammel og ikke god nok. Og at den dermed raskt kan endres. (Foto: privat)
Terje Aunevik, leder for Svalbard næringsforening.

Terje Aunevik, som er leiar for Svalbard næringsforeining, er glad for dei 25 corona-millionane, og for at Gruve 7 og med den mange arbeidsplassar er sikra.

– Om ein ser summen av det me får over revidert nasjonalbudsjett og det som kjem no, trur eg Svalbard kjem ganske godt ut av dette statsbudsjettet. Det vil alltid vera behov for meir, men me må sjå den totale dimensjonen, seier han.

Klimasats-midlane er det berre kommunar og fylkeskommunar som kan søke på, men Aunevik meiner det lokale næringslivet kan få ei rolle i klimaporsjekta, sjølv om det er Longyearbyen lokalstyre som står for søknadane.

Svalbard kjem ganske godt ut av dette statsbudsjettet

Terje Aunevik, leiar for Svalbard næringsforeining

Hjå Innovasjon Norge ligg det inne 2 millionar kroner som er øyremerka Svalbard. Aunevik håper dei ikkje skal gå til administrasjon og drift hjå Innovasjon Norge, men at dei skal vera

søkbare for dei som ynskjer å setta i gang noko.

Påtalejurist og arbeidstilsyn

I Svalbardbudsjettet ligg det også inne ekstra midlar til Svalbard Museum, 1 million kroner til Arbeidstilsynet for auka aktivitet på Svalbard, ein ny stilling som påtalejurist hjå Sysselmannen og midlar til å halde fram arbeidet med å byggje ned det tidlegare gruvesamfunnet Svea sør for Longyearbyen.

Nøkkelord