Tett samarbeid om Svalbard
Denne veka var regjeringas tredje minister på Svalbard-besøk. Justis- nærings- og klima-og miljøministeren har eit nært samarbeid om framtida til øygruppa.
Longyearbyen står framfor ei stor omstilling mellom anna når det gjeld næringsliv, energi og å sikre byen mot naturfarar i eit nytt klima.
Tidlegare denne månaden vitja justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) og næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) Longyearbyen.
Onsdag kom klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap). Han har besøkt Ny-Ålesund, Sysselmeistaren, den nye miljøstasjonen som er under bygging i Longyearbyen og han har hatt samtalar med Longyearbyen lokalstyre og næringslivet.
– Me vil ha eit veldig nært samarbeid mellom Svalbard-departementa, og det er eg veldig oppteken av. Me gjorde ei fellesvurdering kort tid etter at me starta, om å forlenge høyringsfristen på miljøregelverket. Her skal det vera god forvaltning, som ikkje minst Mehl er ansvarlig for, her skal me ha næringsutvikling som Vestre er ansvarleg for og her skal me ta vare på miljøet som eg er ansvarlig for. Desse tinga må henge saman, det må vera ein heilskap. Om ikkje går det gale med alle, seier Barth Eide.
Globalt og regionalt
Klima- og miljøministeren fortel at han har tenkt å rapportere til Mehl og Vestre om det han har sett, med ein gong han er tilbake i Oslo.
– Det er fleire av oss som bidreg til eit godt samarbeid. Eg har vore ein del i regjering før, og veit at utfordringar ofte ligg mellom departement. Ein blir sitjande i kvar sin silo og tenke på sitt. No leier eg mitt tredje departement og ynskjer å bidra til at me tenkjer på tvers, seier han.
– På kva måte tek du med deg erfaringane du har som tidlegare utanriks- og forsvarsminister?
– Svalbard har vore høgt på min radar i dei rollene også, svarar Barth Eide.
Han var med på å lage nordområdestrategien til Stoltenberg 1 og tungt involvert i delelinjeavtalen.
– Alt dette er det viktig å ha med seg. Svalbards meir internasjonale utfordringar, og behovet for forvaltning , må forståast i det globale biletet og det regionale biletet. Vår beste billett til stabilitet og aksept, er at me er ein god forvaltar. Den dagen me sluttar å vere det, kan me bli utfordra på mange måtar. Men som ein god forvaltar får me stor grad av aksept, seier han.
Nytt miljøregelverk
Eit av dei store tema på Svalbard den siste tida, er endringane i svalbardmiljølova som Klima- og miljødepartementet har ansvar for. Den var også noko av det som vart snakka om i møta med Longyearbyen lokalstyre og næringa fredag.
Så er det til slutt norske styresmakter som bestemmer.
I forslaget blir mellom anna store område i utgangspunktet stengt for tilreisande.
– Det som gjeld i heile den siviliserte verda er at jo meir me lærer om korleis menneske påverkar naturen, jo strengare må me bli. Me får meir forståing og kunnskap om kva me må gjere annleis. Slik sett er det ein sunn og nødvendig diskusjon til ei kvar tid om næring og miljø, seier Barth Eide.
Han meiner at for å redusere konfliktar, må ein sjå korleis ein kan auke fellesinteresser. Ministaren trekk fram eit eksempel:
I Longyearbyen er det mange i reiselivsnæringa som ikkje har mål om flest mogeleg turistar, men ynskjer turistar som legg att pengar og er over tid, som ekspedisjonsturistar. Dei er meir attraktive for næringslivet enn cruiseturistar som går i land frå store båtar, kjøper suvenirar og drar igjen.
– Det passar også med mine mål om å ta vare på miljøet. Du får større økonomisk effekt av mindre belastning. Her kan ein finne saman og vege ulike alternativ opp mot kvarandre. At du oppnår fleire samfunnsmål samtidig, seier han.
– Kvifor har det ikkje vore aktuelt å legge inn ei avgrensing i talet på besøkjande i staden for å stenge naturområde for besøk?
– Det har litt å gjere med forpliktinga i svalbardtraktaten og prinsippet til fri tilgang. Me er opptekne av at all forvaltning skal skje i tråd med det. Men me har eit ganske sterkt potensiale for å utøve myndigheit så lenge det er likebehandling. Reglane som gjeld russiske Trust Arktikugol må vera nøyaktig dei same som gjeld for alle andre aktørar. Så er det til slutt norske styresmakter som bestemmer, svarar Barth Eide.
Noko forslaget til nye reglar omfattar, er kor mange som kan vera om bord på ekspedisjonsskip, og kvar folk kan gå i land. Dette er noko som vart diskutert på møtet i dag.
Er det riktig å berre opne for at berre like over 40 stader kan besøkast, eller bør ein kunne gå i land dei fleste stader? Ifølgje Eide vil Miljødirektoratet seie at det vil vera viktig å konsentrere ferdselen.
For om all menneskeleg påverknad fører til fotavtrykk, så kan ein bestemme kvar dei skal få vera. Reiselivsnæringa meiner ein bør kunne gå i land på fleire stader, og at ein då vil få ein relativt sett mindre påverknad på kvar stad.
– Då er du inne i ein faktisk diskusjon om faktiske forhold, seier Barth Eide.
Og kor nære ein kan gå isbjørn og kvalross utan å forstyrre er også eit empirisk spørsmål som må avklarast.
– Så må me finne den beste løysinga, seier ministaren.
Vindauge til verda
Torsdag var han i forskingsbygda Ny-Ålesund, nord for Longyearbyen. Der var han første gong for 15 år sidan. Siste gong var for åtte år sidan. Då var han på Zeppelinobservatoriet i Ny-Ålesund saman med leiaren for IPCC.
På Zeppelinfjellet står det ei lita maskin som måler kor mykje CO2 det er i atmosfæren. Den viste 385 ppm (parts per million red.anm.), og dei to leiarane var særs bekymra for tala. Då Eide var på fjellet denne veka, viste målaren 424 ppm.
– Eg visste det eigentleg frå før, men når du er der og ser det ved sjølve målestasjonen, får du ei sanntidsoppleving av kor gale det er. Me veit at om me skal halde oss innafor 1,5 gradersmålet har me eit veldig lite klimabudsjett att. Den vesle maskina der oppe viser korleis me fyller på i atmosfæren, seier klimaministaren.Han meiner forskinga i Ny-Ålesund og Longyearbyen er ekstremt nyttig, viktig og alarmerande. Målaren på Zeppelinfjellet bidreg til ei global forståing av klima-problemet.
Og når du drar ned frå Zeppelinfjellet ser du husa rase saman på grunn av dei same klimaendringane.
I tillegg stig temperaturen på Svalbard raskt både i lufta og på havet, og ein ser dei konkrete effektane dette har. Det kjem nye artar, men i tillegg råkar klimaendringane Ny-Ålesund sjølv.
Mykje av bygningsmassen vart i si tid bygd på permafrost, noko ein ikkje tenkte over konsekvensane av då. Dei er støypte på sålar rett på bakken, eller står med korte pelar i permafrost. Når det aktive laget som tiner kvar sommar blir djupare, får bygningane setningsskader.
– I Ny-Ålesund kan du både kan ha eit vindauge til verda, og når du drar ned frå Zeppelinfjellet ser du husa rase saman på grunn av dei same klimaendringane, seier Barth Eide. Utviklinga i Longyearbyen ligg ikkje langt bak. Derfor tenkjer ministaren at det er veldig viktig å støtte opp om og legge eit godt grunnlag for å styrke den typen forsking som gir oss innsikt, og at me blir flinkare til å bruke den lokalt på Svalbard, men også andre stader i nord.
Svalbard om ti år
Korleis ser klima- og miljøvernministeren føre seg Svalbard om ti år?
Han trur me vil sjå ein by som er komen veldig langt med energiomstilling. At Longyearbyen vil få mange internasjonale besøkande som ynskjer å sjå korleis eit tidlegare koldrive samfunn no er i ferd med å bli heilt bærekraftig.
Det er ikkje sikkert det er heilt bærekraftig om ti år, men Barth Eide trur me er komne langt på veg. Samfunnet har fasa ut kol og gått over til batteri og diesel.
Diesel er betre enn kol, sjølv om det ikkje er bærekraftig, og anlegget er designa slik at ein kan fase inn fleire fornybare kjelder etter kvart. Så ser ein på mykje spanande som geotermi, sol, og om hydrogen kan importerast frå Varanger og Bærlevåg.
Barth Eide trur forskingsmiljøet på klimaendringar vil bli enda meir leiande. I tillegg vil det som skjer her blir internasjonalt interessant fordi Longyearbyen var tidleg ute til å bygge om bygg og infrastruktur til post permafrost.
Når ein i andre nordlige land byrjar å få den same problemstillinga, vil Svalbard ha utvikla unik kompetanse.
I tillegg trur ministaren det vil bli ein stad med kvalitetsturisme, ikkje enorme mengder folk, men bærekraftig reiseliv med turistar med god kjøpekraft.
Kanskje kjem dei hit for naturen, eller kanskje på grunn av klimamedvit, sidan Svalbard då har blitt ein «grøn» destinasjon.
Då bør ein helst lande med fly som går på grønt drivstoff og turistane bør kunne dra ut med ein båt som går på hydrogen for å gi den beste totalopplevinga.
– Når Greta Thunbergs generasjon blir kjøpekraftige middelklasse-europearar, vil dei stille spørsmål om kva slags påverknad dei sjølve har, om dei kjem hit. Det ser me allereie, og då må man ha gode svar på det, seier Barth Eide.